Av Øyvind Hardeland, leder NKF veg og trafikk
Asfaltering av kommunale vegar i framtida
Asfaltering/reasfaltering av kommunale vegar er ei stor utfordring på mange område.
Eg har nokre tankar som eg ønskjer å fokusera på då det gjeld dette fagområdet.
Først må ein velja type asfalt utifrå kvalitet på vegkropp, trafikkmengd, belasting osv.
Mogelegheitene er mange, og løysinga kan vera vanskeleg, spesielt dersom ein har lite praktisk erfaring. Ein kan kontakta firma som har og sel kunnskap innanfor faget, kursa seg sjølv, eller vera med i nettverksgrupper der ein treff kollegaer med kunnskap og erfaring. Det siste er kanskje den enklaste og kjappaste løysinga. På sikt vil eg oppmoda om å delta på kurs som vert arrangert.
Korleis sikra seg slik at bestilt vare vert levert?
Her er utfordringane mange, og min og andre si erfaring er dessverre at kvaliteten på ferdig utført arbeid dei siste åra, har vorte dårlegare og krev tettare oppfølging. Nokre tips for å motverke dette kan vere:
- Bestill asfalteringa skriftleg så snart budsjettet er vedteke, med dato for oppstart og omtrentleg mengd masse.
- Skriv ein avtale før oppstart med leggeplan, dokumentasjon over tenkt forbrukt masse, temperatur, osv. Då det gjeld tjukkleiken på dekke så er mi erfaring at best totaløkonomi er oppgjer i forbrukt tonn. Eigen kontroll og nærvær er god butikk.
Asfalteringa bør gå føre seg frå mai til og med september, spesielt på Vestlandet. Ein bør skaffa seg ein temperaturmålar, ta stikkprøvar og delta med dagleg dialog og synfaringar. Vidare bør ein syta for dagleg dokumentasjon og at det er fagfolk som utfører jobben. Her sviktar det svært ofte på valseføraren. Dette er ein av dei viktigaste jobbane utanom bas og utleggjarførar. Firma nyttar meir lærlingar enn før, det er bra, men då er det viktig med ansvar for oppfølging av tenesteleverandør. Klebing er også ei utfordring. Vegbanen bør vera tørr for beste resultat.
Det er fornuftig dersom fleire kommunar går saman og får laga seg ein spesifikasjon over krav til asfaltering og gjer innkjøp i lag. I vårt område så går 13 kommunar ut med felles asfaltanbod. Der har me fått utarbeid felles spesifikasjon ved hjelp av samarbeid i nettverksgruppa (praktikarane) og innleidd spesialkompetanse innanfor område. Det blir spennande å sjå kva resultatet vert. Ei utfordring kan vera at det er få tilbydarar og at Statens vegvesen skal investera mykje i asfaltering dei nærmaste åra.
Asfaltering har nok tidlegare kanskje vore eit nedprioritert fagområde av kommunane/leverandørane. Målet må vera rett vare, til rett pris, høg kvalitet, rett type bestilling og med ansvarlege leverandørar.