
Ill.: Shutterstock.
Konferanse – Bergen 31. mai
Ein bustad for heile livet
Senteret for aldersvennlig Norge, Statsforvaltaren i Vestland, KS og Husbanken inviterer til nasjonal konferanse om aldersvenleg bustadbygging, som går føre seg i Bergen 31. mai.
Konferansen vil handle om aldersvenleg bustadbygging. Vi vil rette merksemd på behov, moglegheiter og løysingar som gjer at den einskilde kan bu lenger i eigen bustad. Vi vil få gode døme frå kommunar som har jobba godt med desse problemstillingane. Dette kan inspirere til utvikling av nye bustadløysingar i kommunane i heile landet. Temaet er sentralt i Leve heile livet-arbeidet.
Følg denne lenkja for program og påmelding: Konferanse – Ein bustad for heile livet.
Konferansen er relevant for kommunesektoren, kommunedirektørar/rådmenn, planleggjarar, folkehelserådgjevarar, leiarar i helse- og omsorgstenestene, eldreråd og politikarar, samt utbyggjarar og andre aktørar som er sentrale i å bidra til at vi har, og får bustad som er eigna for eldre år.
Konferansen går føre seg på Scandic Bergen City, i Bergen sentrum. Vi begynner med registrering klokka 10.00 og programmet varer til 15.30. For på delta på konferansen må du melde deg på via nettsida til Statsforvaltaren i Vestland. Vi legg opp til både fysisk og digital deltaking, og det er gratis å delta. Lunsj vert servert til dei som deltek i Bergen, og det er derfor bindande påmelding. Eventuell reise og overnatting må deltakarane ordne sjølve.
- Frist for å melde deg på fysisk deltaking i Bergen er 16. mai.
- Frist for å melde deg på digital deltaking er 29. mai.
Dei som melder seg på digital deltaking, får tilsendt oppkoplingslenkje i løpet av måndag 30. mai.