Utvik sentrum 2018. Foto: Amund Hjelle
Tidsskriftet Kommunalteknikk
Fagre Stryn i ras, vind og væte
Stryn, staden der corona vanlegvis er sommarsøte jordbær og hundretusenvis av turistar kjem både sjøvegen og landevegen for å oppleve fjord, fjell og brear. Der amerikanarar står med store auge og lurer på kor tid fossane blir skrudd av for kvelden. Der campingbilane står tett i tett på campingplassar og rasteplassar og gondolbana tek deg frå null til tusen meter på seks minutt. Men også der det i løpet av få sekund kan gå frå idyll til ras, flom og orkan.
Tekst:
Torstein Tvinnerheim
Varaordfører
Stryn kommune
Stryn har dei siste åra blitt utfordra av naturen fleire gongar. Det er ein mektig utfordrar. I 2011 hadde vi flaum og orkan. Dagmar blæs hus overende, stengde vegar i fleire dagar, vi vart straum og telefonlause. Ordførar Sven Flo skreiv han skrive brev. Røde Kors gjekk frå dør til dør i heile kommunen. Leverte ut skrivet frå ordførar og forsikra seg om at folk hadde det bra i heimane sine. Det blir aldri for mykje informasjon ut til folk i slike tider.
![]() |
Frå flaumen i Utvik 24. juli 2017. Foto: Sven Flo |
Flaum i Utvik
24. Juli 2017 vart det nok ein gong sett krisestab i kommunen. Det var ikkje fyrste gong sidan 2011, så vi hadde fått bra trening. Det var eit valdsamt torevêr som rulla over kommunen. Leiar for teknisk etat, Jan Flore, fekk meldingar frå ulike bygdelag. Fyrst og fremst frå Blakset, vegane held på å renne vekk. Elevane og bekkane gjekk store. Dei visste kva det kunne bety. Under flaumen i 2011 var det dei som var hardast ramma. Eit lynnedslag hadde også sett fyr på eit nytt bustadhus mellom Blakset og Stryn sentrum, på Robjørgane. Flore starta å kalle inn kriseleiinga.
Det starta å tikke inn meldingar frå Utvik. Uveret stod stille over bygda. Det lyna og regna noko aldeles forferdeleg. Dei to elevane gjennom bygda vaks seg store og skremmande. Føre-bels tenkte vi at det var Blakset som hadde det verst. Så starta bilda å kome inn. Fokuset skifta. Utvik var i ferd med å bli skylt vekk.
Kriseleiing i solskinn
Kriser bør ikkje skje i ferien
24. juli er midt i ferien. Det er ei dårleg tid å få naturkatastrofar på. Folk er då nemleg på ferie. I Utvik var det utanlandske turistar som måtte evakuerast. Dette gjekk bra. Utfordringa er at Stryn er ei turistkommune som på sommarhalvåret er fullbooka. Det var vanskeleg å finne hus til dei som trengde det. Det skulle vise seg å gå bra. Bygdefolket som ikkje var ramma, stilte opp for dei som ikkje lenger kunne bu i husa sine. Det som likevel er mest utfordrande med ferie og slike hendingar, er at dei som sit i sjefstolane også er på ferie. Kriseleiing krev raske, klare og kloke beslutningar. Det er vanskeleg å gje om du ikkje sit på mynde til å gjere desse vala. Kommunikasjon er, som før nemnt, veldig viktig. Folk i kriser forventar at myndigheitene gjev dei svar. I Stryn prøvde vi å få så god og relevant informasjon som mogleg ut på våre nettsider. Erfaringa er likevel at vi kan vere endå flinkare til dette. Det er betre med litt informasjon, enn ingen informasjon.
Kva no?
Etter å ha opplevd både ulukker, flaumar, orkanar og pandemiar, ser ein kor viktig det er med god kriseleiing der kommunikasjon er veldig sentralt. Det same gjeld planverk og sikring. Stryn kommune har ei rekkje elvar som trengs førebyggast. Vi har skredfare og kvikkleireutfordringar. Per i dag jobbar vi med tre elveførebygningar og dei siste åra har vi gjennomført flaumsikring i sju elvar. Det er gjort to flaumsonekartleggingar i to tettstadar og vi held på med sju nye. Vi har farsonekartlegging for skred, – kort sagt over alt i kommunen. Vi har parkeringsplassar som vi gjerne skulle fått brukt om sommaren, men ikkje får laga grunna rasfare om vinteren..