![KMD2Cbm_sort[1]](https://img6.custompublish.com/getfile.php/4914787.896.b7wqbzbmbzljpj/900x0/6416027_4914787.jpg)
Statsbudsjettet
Kommunesektoren får styrkt dei frie inntektene med 2 milliardar kroner i 2022
Norsk økonomi er ute av krisa. No skal vi saman ut av pandemien. For å setje kommunane i stand til å levere gode tenester til innbyggjarane sine, foreslår regjeringa at kommunesektoren får ein vekst i frie inntekter på 2 milliardar kroner i 2022.
![]() |
Nikolai Astrup. Foto: Torbjørn Tandberg/KMD |
Det går godt i Kommune-Noreg
Dei gode driftsresultata i kommunane dei siste åra har ført til at talet på kommunar i ROBEK har gått frå 46 i 2013 til 17 ved inngangen til oktober 2021.
Kommunane og fylkeskommunane har samstundes bygd seg opp solide reservar. Ved utgangen av 2020 utgjorde disposisjonsfonda om lag 69 milliardar kroner, mot om lag 30 milliardar kroner ved utgangen av 2013.
− Regjeringa har heile tida vore oppteken av at kommunane skal ha ein god og føreseieleg økonomi. Gode driftsresultat, få kommunar i ROBEK og at mange kommunar har oppsparte middel syner at det går godt i Kommune-Noreg, seier Astrup.

Ekstraordinære skatteinntekter
Regjeringa talfesta ein auke på 3,2 milliardar kroner i kommunesektoren sine skatteinntekter i revidert nasjonalbudsjett for 2021. Kommunane tek med seg desse inntektene til 2022. Det inneber difor ein varig auke i inntektene.
Vi anslår at skatteinntektene aukar med ytterlegare 5,9 milliardar kroner i 2021. Desse inntektene er ei eingongsinntekt, som er med med på å styrkje kommuneøkonomien i 2021.
Auken i skatteinntektene er ein klar indikasjon på at det går bra i norsk økonomi.
Fylkesvis oversikt
- 390 millionar kroner meir i frie inntekter til Agder neste år
- 330 millionar kroner meir i frie inntekter til Innlandet neste år
- 392 millionar kroner meir i frie inntekter til Møre og Romsdal neste år
- 288 millionar kroner meir i frie inntekter til Nordland neste år
- 639 millionar kroner meir i frie inntekter til Oslo neste år
- 666 millionar kroner meir i frie inntekter til Rogaland neste år
- 321 millionar kroner meir i frie inntekter til Troms og Finnmark neste år
- 550 millionar kroner meir i frie inntekter til Trøndelag neste år
- 514 millionar kroner meir i frie inntekter til Vestfold og Telemark neste år
- 791 millionar kroner meir i frie inntekter til Vestland neste år
- 1 488 millionar kroner meir i frie inntekter til Viken neste år