Kvam herad har nyleg sett i drift nye Kvamskogen vassverk
Nye Kvamsskogen vassverk
Vassverket består av eit nytt prosessanlegg som nyttar membranfiltrering for fjerning av humus, farge, bakteriar og virus, og eit UV-anlegg i etterkant av membrananlegget. Desse prosessane utgjer to hygieniske barrierar, noko vassverket ikkje hadde tidlegare. I tillegg har anlegget dosering av vannglass for justering av pH, samt naudkloranlegg.
Prosessanlegget er plassert i eit nytt bygg som er bygd saman med det gamle anlegget med eit mellombygg. Den gamle delen av anlegget vil i framtida verta brukt som kontor, garderobe, laboratorium og opphaldsrom. Det er også bygd eit nytt høgdebasseng på ca. 450 m3. Høgdebassenget er bygd i betong og tilpassa terrenget rundt med bruk av naturseinmur på synleg del.
Anlegget er bygd fleksibelt, slik at ein ved bortfall av eit eller fleire reinsetrinn kan køyre anlegget i omlaup, og ved å dosere klor vil ein kunne oppretthalde vassproduksjonen.
Manglande godkjenning
Grunnen for å bygge det «nye» vassverket var i hovudsak manglande godkjenning frå Mattilsynet. Drikkevassforskrifta krev to uavhengige hygieniske barrierar i vassproduksjon, noko det gamle anlegget ikkje hadde. Vasskjelda Fossdalsvatnet har høgt fargetal, særleg vår og haust.
Les mer i Kommunalteknikk nr 1/2 - 2013