Murar blir nødvendige for å gi plass til å gå rundt bygning for ettertida. Foto: Hildbjørg Fludal

Murar blir nødvendige for å gi plass til å gå rundt bygning for ettertida. Foto: Hildbjørg Fludal

Kommunalteknikk: Veg og trafikk

Samarbeid på tvers av etater

Vossaplassvingen i Vikebygd har vore ein trafikkfarleg plass i mange år. Elevar som elles kunne gå til skulen har fått fri skuleskyss på grunn av at vegen har vore så uoversiktleg, smal og utan vegskuldre.

Tekst og foto:
Hildbjørg Fludal
Ingeniør veg og VA
Vindafjord kommune

Det er mange år sidan reguleringsplanen som ga plass til både bilar og fotgjengerar vart laga, men ein nådde ikkje i mål med finansiering. Arbeida som måtte utførast for å gjennomføre reguleringsplanen var forholdsvis omfattande på grunn av at fleire eigedommar låg nær arealet for vegutviding og avkøyringar måtte leggast om via ny veg på andre sida av av bygningane. Det måtte også løysast inn grunn frå mange eigedommar. 

Grendeutvalet i Vikebygd har vore svært engasjert i dette prosjektet gjennom mange år, og har danna grunnlag for at innløysing av grunn vart ordna greitt for dei aller fleste eigedommane.

I 2015 overtok Vindafjord kommune Vikebygd vassverk. Vassverket har vore drive privat fram til då, og hadde starta å føre fram ein ringleidning som også måtte passere strekninga forbi Vossaplassvingen. Deira planar var å legge leidning saman med ny høgspentleidning for det lokale energiverket. Det hadde vore eit samarbeid om dette på tidlegare strekk, og traceen som var valt då var gjennom landbruksareal og utmark.

Vossasvingen 2.png
Før arbeidet blei satt i gang. Foto: Hildbjørg Fludal

I Vindafjord kommune har ein prøvd å ha felles planmøter med leidningseigerar og liknande aktørar. Slik vart det råd å sjå at trafikksikringstiltak kunne kombinerast med legging av ringleidning for vatn og høgspentkablar. Vindafjord kommune har spelt inn til handlingsplanar for fylkesvegar i Rogaland at ein ynskte å prioritere Fv 734. Frå 2019 er det sett av midlar til tiltak på Fv 734, også til  gangveg på mellom anna dette strekket. På grunn av frist på framføring av høgspent kunne ikkje det lokale energiverket vente så lenge.

Vindafjord kommune tok kontakt med Statens vegvesen med tanke på ein avtale om å vere byggherre for prosjektet og forskottere midlar til 2019. Men slik avtale i boks, og politisk godkjend, starta arbeidet opp på nyåret 2018. Det var då henta inn anbod, der også avløpsleidning var tatt med i grøfta. 

Under anleggsarbeidet har ein fått erfart at det er større trafikk enn det som var venta på denne vegen, og det er med på å gi samarbeidet og sluttresultatet ein større verdi enn mange hadde trudd.

Vossasvingen 3.png
Forsiktig sprenging må til når vegen kjem nær bygningen. Foto: Hildbjørg Fludal

Samarbeidet mellom Rogaland fylkeskommune, Statens vegvesen, det lokale energiverket, vassverket, grendeutval og kommunen si kommunaltekniske eining har gjort at Vindafjord kommune sparer pengar på skuleskyss, og både unge og gamle får ein trygg veg til søre delen av bygda si heile døgnet. I tillegg er vegen utvida og retta opp, så også som bilistar er det grunn til å vere nøgde, på dette strekket i alle fall.


Vindafjord kommune ligg på halvøya Haugalandet, nord i Rogaland fylke
Vikebygd låg i tidlegare Ølen kommune og Hordaland fylke. Vindafjord og Ølen vart slått saman til ein kommune frå 2006.
Innbyggartalet i Vindafjord kommune ligg i underkant av ni tusen. Kommunen er 620 km2 stor. Det er 9 skular i kommunen.