
Smartby
Testregionen samla på Bryne
Korleis kan me visa fram og posisjonera regionen som ein testregion for smarte løysingar, smarte byar og smarte lokalsamfunn? Kva har me og kva kan me samarbeida om?
![]() |
Ståle Undheim, Sola kommune, deler innspel frå gruppearbeidet. Foto: Greater Stavanger |
Tekst: Time kommune
Det var stort engasjement då Greater Stavanger, Stavangerregionens Europakontor og Nordic Edge Smart City Innovation Cluster og Time kommune inviterte kommunar og bedrifter til smart workshop på Bryne denne veka.
Utgangspunktet er regionen sin strategiske næringsplan som har mål om å posisjonera Stavangerregionen som pilotregion og testarena. Dette kan kan mellom anna vera innan innovativ og berekraftig mobilitet, helse- og velferdsteknologi, industriproduksjon og smartby generelt. Mange av kommunane har også eigne strategiar eller vegkart for satsinga på smarte byar og lokalsamfunn. Les Time kommune sin smartstrategi.
To av bedriftene som presenterte seg på møtet var ABB og Meisle frå Bryne. Desse bedriftene har eit stort engasjement for å ta i bruk og utvikla nye konsept og produksjonsmåtar, og var gode eksempel på korleis smart utvikling skjer på Jæren og i heile regionen.
I work-shopen kom det fram at det er mange bedrifter og arenaer der smartbyarbeid og testing av smarte løysingar skjer, men det er behov for gode utstillingsvindu for å gjera arbeidet meir kjent.
Workshopen var ein del av Stavanger smart region, ei møterekke som tek opp ulike tema rundt smartby og testarena i regionen.